Aktivitetsdag 22. februar kl 12-15

Onsdag 22. februar kl. 12-15 ønskjer vi små og store velkommen til aktivitetsdag med leik og læring på «Buholmen».

Bli med på mange og spennande aktivitetar!

I forteljarstunda vert du kjend med «Kubbe» – ein liten kar som samlar på mykje rart. Også på museet samlar vi på mange skattar, og i dag får dei minste vere med oss inn i vårt skattekammer – «Magasinet».

Prøv deg også på smikunsten i smia, slå naglar og «prøvesitt» den gamle Spjelkavikruta. Hogg ved, rull tønneband, spill lappis og bli med på museumsquiz. Smaksprøver på kjøkkenet i Dybhuset, aktivitetar og sal av «gamaldags» godetri i Larsnesbuda.

Open museumskafé – for den som vil ta ein liten pust i bakken.

 

Inngang: voksen kr 80, barn kr 40, senior kr 60 og familie kr 170


« Go back