Velkommen til oss på Sunnmøre Museum

Sunnmøre Museum er eit folkemuseum for kystkultur. Vi gir eit innblikk i sunnmøringane sitt liv og arbeid frå steinalder og fram mot nyare tid, gjennom ulike utstillingar og ei stor samling gamle hus og båtar.

I friluftsmuseet er det reist 55 gamle hus omkransa av eit vakkert friluftsområde. Utstillingane i hovedbygninga og båthallen fortel om  sunnmøringens liv gjennom årtusnar.

På museumsområdet ligg Middelaldermuseet som er bygd over tuftane frå Borgundkaupangen. Kaupstaden Borgund er ein delvis utgravd handelsstad frå middelalderen. Her finst restar av kyrkjer og ulike hus, handel og handverk. Våren 2016 opnar vi ei ny og spennande utstilling der du mellom anna får sjå  funn etter dei arkeologiske utgravingane.

Velkommen til å nyte ein spasertur på museumsområdet, mellom dei særprega sunnmørshusa, i båthallen og langs kaia!