Båtar

Ved kaia og i båthallen finn du ein av landets største båtsamlingar. Bli betre kjent med vikingskipet Borgundknarren og historia til fiskekuttaren og «Shetlandsbåten» M/K Heland.

Båtbygging og båtbruk har lange tradisjonar på Sunnmøre. Kopiar av Fjørtoftbåten og Kvalsundskipet frå 600- og 700- talet er synlege prov på dette. Begge båtane finn du i den store båthallen på museet. Her finn du også dei gamle sunnmørsbåtane, opne båtar til fiske, frakt og skyss, som av mange er rekna som dei beste havseglarane på Norskekysten.

 

Vikingskipet Borgundknarren

Det vakre vikingskipet Borgundknarren, som ligg ved museumskaia, er kopi av ein original knarr som vart funne i Danmark i 1962. Knarren var vikingane sine handelsskip meir enn 1000 år attende i tid. Slike båtar vart nytta til handelsferdar i vikingtid og tidleg middelalder. Truleg var det med eit slikt skip Leiv Eiriksson nådde Amerika.

Borgundknarren er kopi av eit havgåande vikingskip gravd ut ved Skuldelev i Roskilde fjord i Danmark. Knarrane var spesialbygde for handel. Borgundknarren er 16m. lang, 4,6m. brei, og har eit råsegl på 87 m2. Kjøl, mastefisk og stamner er av eik, mens båtborda er av furu. Undersøking av treverket tyder på at originalen vart bygd i Sogn i 1025.

Borgundknarren
Borgundknarren er bygd av Sigurd Bjørkedal og søner, og vart sjøsett i 1993. Borgundknarren har namn etter handelsstaden (kaupangen) Borgund, som var eit knutepunkt på Sunnmøre. Skriftlege kjelder frå sagatida fortel om ”Borgundar-batin” frå Borgund.

Bli med på tur
Frå midten av mai og fram til slutten av september ligg Borgundknarren ved museumskaia, klar til å ta med store og små på tur. I denne perioden er det både skuleklassar, bedrifter og privatpersonar som ønskjer å leige båten og dra på tur. Om ein ikkje ønskjer å leige båten, har ein likevel høve til å bli med på tur. Kvar onsdag gjennom sommaren går Borgundknarren frå museumskaia kl 13.00. Turen tek ein time og billettar kjøper du i resepsjonen. Bli med på tur du og!

Kvalsundskipet

Kvalsundskipet  er tidfesta til år 690 e.Kr. Saman med ein mindre båt blei skipet funne  av gardbrukar Johannes Kvalsund og sonen Jacob under torvspading på garden Kvalsund på Nerlandsøy i Herøy.

Dette var i juni 1920. Skipet som truleg var eit krigsfartøy, var brekt heilt sund, og gravd ned som eit offer til gudane.

Kvalsundskipet er 18 meter langt og 3,2 meter på det breiaste. Det er bygd i eik med spant av furu. Spanta er surra til bordgangangane. Borda er klinka saman med jernnaglar. Skipet kunne føre segl, men det er ikkje funne spor av mastefeste. 

Dei mange delane blei gravd fram av arkeologen Haakon Shetelig. Ingeniør Frederik Johannessen teikna ein rekonstruksjon av skipet. I 1973 bygde Sigurd Bjørkedal ein kopi av det store Kvalsundskipet. Dette skipet kan du sjå i den store båthallen på museet.

Fjørtoftbåten

I myra på Marsteinneset på Fjørtoft, fann Rasmus Fjørtoft to båtar i 1940. Dei var sett heile ned på myra. Den store båten var fyllt med stein, og det var ikkje utstyr eller andre gjenstandar i eller ved båtane.  Truleg har dei vore ei offergåve.

Utgravinga vart gjort av arkeologen Per Fett, og båtane vart rekonstruert av skipshistorikar Bernhard Færøyvik.

Båten du ser i båthallen er den største av dei to båtane, og er omlag 10 meter lang. Skroget er i eik, med seks klinka bord på kvar side. Spanta er feste til bordgangane med trenagler. Det blei ikkje funnet mastefeste eller andre teikn på at båten førde segl.

Den minste båten, så stor som ein færing, var mykje mindre og svært øydelagt.

Tetningsmaterialet (nauthår) i den største båten er C14-datert til ca. 860 e.Kr. Per Fett meinte at båtane vart bygd ein gong mellom 500 og 900 e.Kr. Nokre har meint at båtane var om lag like gamle som Kvalsundskipet, altså frå tida rundt år 700.

Dei rekonstruerte båtane er bygd i 1951 av Sigurd Bjørkedal. 

Sunnmørsbåten

Sunnmørsbåten er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmøre, og som havbåt var han i bruk fram til om lag 1880. Framdrifta var årar og segl.

Sunnmørsbåten var brei framme og smal bak, slik at den løfta godt i sjøen. For å få til dette sette båtbygjaren inn fleire bordgangar i forskipet enn i akterskipet. Desse borda kallast renningar, og då dei gjekk på skrå, vart sunnmørsbåten kalla snedbetning. Byggjemåten gjorde at båten vaka bra og var mjuk i sjøen. Sunnmørsbåtane var klinkbygde, ein over 2000 år gamal tradisjon her i landet, der båtborda overlappar kvarandre og er klinka saman med jernnaglar. Når båten var borda opp, la dei inn spanta el. Banda som stiva av og forsterka båten.

Spesielt for sunnmørsbåtane er at dei hadde asymetrisk råsegl som var om lag tre gonger så breitt i underkant som oppe ved råa. Båtane vart bygd i mange storleikar frå  den store åttringen til den lille færingen.

Ut å ro
Sunnmørsbåtane finn du både i den store båthallen, og om sommaren, ved museumskaia.  Om du ønskjer å prøve ro-ferdigheitane dine, er du velkommen til  ein rotur. Du kan også leige båt for ein heil dag eller natta over.

M/K Heland

Ved museumskaia ligg M/K  Heland - ein fiskekuttar på 63 fot, bygd i 1937. Heland er kjend som "Shetlandsbuss" under den andre verdskrigen.

Heland vart brukt til heilårsfiske. Om vinteren var det drivgarnfiske etter sild, så var det torskefiske til han i mai vart utrusta til fangst av brugde og småkval.

Kvalfangsten gjekk føre seg i Barentshavet, farvatnet rundt Island og i Nordsjøen. Om hausten var det kveitefiske på Storegga.

Ein eventyrbåt
Fiskekuttaren Heland vart kalla ein eventyrbåt. Den gjorde store og gode fangstar. Det følgde og lukke med verksemda under krigen. 1941 – 42 gjorde båten fleire turar med flyktningar frå Sunnmøre til Shetland. Båten gjekk inn i Shetlandsgjengen sin flåte av fiskefartøy. Heland gjekk med våpen- og ammunisjonslast, eller den frakta Lingefolk og andre motstandsfolk. I 1943 vart «Heland» avløyst av moderne ubåtjagarar.

«Heland» vart museumsbåt i 1972 og fullrestaurert i 1997.

Helands venner
Helands venner er ei interessegruppe som tar del i arbeidet med bevaring, bruk og vedlikehald av «Heland». Dei gjer praktisk dugnadsarbeid på båten og er mannskap om bord.

IMG_0342

 


Skjermbilde 2014-01-06 kl. 22.01.39

Skjermbilde 2014-01-06 kl. 22.10.48

 

 

IMG_6101

 

 

 


IMG_6233

IMG_6237

 

 
IMG_0342

 

 






Heland