Friluftsmuseet

Friluftsmuseet fortel om gamal byggjeskikk og levemåte på Sunnmøre frå 1500-talet og fram mot nyare tid.

Husa gir ramma kring familie, kvardagsliv og fest. Uthusa, frå  seterhus og kufjøs til båtskot og naust, fortel om arbeidet på garden, utmarka og på sjøen. Husa kjem frå heile Sunnmøre: Bjørkedalen, Borgund, Ellingsøy, Fiskå, Fosnavåg, Haram, Liabygda, Norddal, Skodje, Spjelkavik, Stordal, Stranda, Sykkylven, Valderøy, Vartdal, Volda, Ørsta og Ålesund.

Borgundgavlen er eit spennande tur- og rekreasjonsområde. Her kan ein spasere på fredlege skogsstiar, vandre mellom dei gamle gardstuna og  kanskje avslutte med kaffi og svele  i museumskafeen.