Utstillingar

Sunnmøre Museum viser faste og skiftande utstillingar med tema sunnmørsk kulturhistorie frå dei eldste tider fram til notid. Utstillingane finn du i 3 etasjer i hovedbygninga.

Velkommen inn til ei spennande vandring i tid!

Trykkmaskin Sunnmøre Museum

Levande trykkerihistorie i 1. etg.

Den gamle trykkmaskina frå Havneviks Trykkeri i Ålesund er komen på museum. Ikkje som ein tradisjonell museumsgjenstand, men som eit levande tilskot til formidlinga ved museet.

Trykkerimaskinen frå Havnevik Trykkeri er et flott supplement til formidlingstilbodet ved museet. Å kople aktivitetar rundt denne opp mot blant anna vår nye fargeutstilling ser vi på som et spennande samspill. 

I tillegg til den nyerverva trykkerimaskina frå Havnevik finn ein også Gjærderpressa og Sivert Aarflots prenteverk i Stiftinga Sunnmøre Museum sine samlingar. Til saman utgjer desse eit spennande trykkerihistorisk miljø. 

 

IMG_0457

Ei verd av fargar i 2. etg.

Temaet for utstillinga er fargar. Alle regnbogens fargar. Fargar som sunnmøringen heilt frå gamal tid har omgitt seg med.

I utstillinga møter ein  fargar brukt på mange måtar og i mange samanhengar. Ikkje berre på Sunnmøre men også elles i verda. Ein sunnmøring på reise tok og med seg nye fargetradisjonar heim.

 

dsc02866

Spor i 2.etg.

Dette er utstillinga som tek oss heilt tilbake til steinalderen, tida då menneske hovudsakleg nytta reiskapar av stein, tre og bein. 

Utstillinga fortel om sunnmøringen sitt arbeid med å skaffe seg mat, klede og ly for veret, frå steinalderen og fram til vikingtid. Du får også sjå dei rike gravfunna frå denne tida - funn frå ulike stader på Sunnmøre

 

dsc02930

Handverk på Sunnmøre i 2. etg.

La deg imponere av ”3-hjulingen” – sykkelen som smeden frå Syvde laga seg for fortare å kome seg fram mellom gardane. 

Sjå dei vakre brudekronene eller opplev verkstadsmiljøet til blant andre gullsmeden, boktrykkjaren og skomakaren.

 

dsc02913

Bønder i byen i 3. etg.

Utstillinga som syner byen som møteplass for byfolk og bønder. Besøk den typiske 1950-tals hybelen eller kvil føtene på ”kafébenken. 

Visste du forresten at i 1930 var det så mange kafear i Ålesund at byen vart kalla ”Kafebyen”?

 

Knut2

Rosesaum på Sunnmøre i 3. etg.

I Noreg har kvar type bunad sin eigen bakgrunn og opphavsstad. Dei fleste er laga etter gamle lokale tradisjonar, andre er rekonstruert på 1900-tallet, basert på lokale og historiske kjelder.

Utstillinga syner broderi med ullgarn på drakter frå 1800-talet som utgjorde grunnlaget for dei ulike bunadene på Sunnmøre.

 

dsc02941

Anders Hovden-rommet i 3.etg.

Anders Hovden var ein kjent forfattar og prest, fødd i Ørsta i 1860. Han var ein ivrig talsmann for målsaka og det frilynte ungdomsarbeidet.

Møblane i rommet er frå heimen hans. Dei er laga av treskjeraren og målaren Lars Kinsarvik. Kinsarvik utarbeidde ein særeigen "nasjonal" stil på grunnlag av gammal nordisk ornamentikk, figurar frå norsk folkediktning og folketru og sagalitteraturen.