Lefserii

Hardingar (ca 14 stk)

 7 ½ dl kveitemjøl
150 gram margarin
150 gram sukker
½ liter kulturmjølk
1 ½ ss lys sirup
½ ts bakepulver
½ ts natron
2 ts hjortesalt
250 gram kveitemjøl

 Ha i eventuelt meir kveitemjøl, ca 50 gram, slik at deigen ikkje blir laus – men heller fast.

1. Ha i mjølet i ein stor bakebolle og smuldre godt inn margarinen. Tilsett sukkeret.
2. Bland sirup, bakepulver, natron og hjortesalt i kulturmjølka.
3. Rød godt saman det tørre (1) med det våte (2)
4. Ha i 250 gram kveitemjøl og kna deigen godt saman.
5. Tilset om lag 50 gram ekstra kveitemjøl slik at du får ei deig som ikkje er for blaut – men heller ikkje for fast.

Trill ut ei pølse av deigen og veg opp kvart emne slik at dei vert 118 gram. Trill kvart emne ut til ein sprekkfri bolle på bordet. Klapp bollane litt saman og legg dei under plast.

Når du tek fram eit emne så dypp det i breiemjølet (kveitemjøl). Ha mjøl over og under heile emnet. Form emnet litt større i handa. Dryss mjøl på bakebordet og kjevl forsiktig med rutakjevle. Strø litt mjøl oppå leiven også. Snu leiven ofte i starten.

Takka / varmen skal stå på 6,5. Steikast på begge sider.

Legg lefsa på eit vått handkle. Spray ho med vatn. Legg eit handkle over. Er du heldig kan du legge fleire lefser oppå kvarandre utan handduk imellom. Er det mykje mjøl på lefsa må du legge våt handduk mellom kvar lefse du dynkar.

Oppskrifta er nytta på museet sine årlege lefsekurs.

smorkrem

Smørkrem (til 14 leiver)

250 gr melange -  temperert
150 gr meierismør - temperert
400 gr melis

Rør saman til kremen vert kvit, lett og luftig.

potetkake

Potetkake - laga av poteter

Har du potetrestar etter middagen? Lag potetkaker! Fort gjort og smakar kjempegodt - spesielt med smør og sirup.

1/2 kg kokte, skrelte poteter
1/2 ts salt
ca 1 1/2 dl kveitemjøl

Mos potetene med ein gaffel, ei kvern eller ein foodprocessor.  Tilsett salt og elt inn mjølet. Deiga skal være litt klissete. Sett den gjerne til «kviling» i 20 minutt før du kjevlar ut og steiker kakene på takke eller i tørr, varm steikepanne (Om du legg litt mjøl i steikepanna og mjølet etter eit minutt blir lysebrunt, er panna passe varm).

Potetkake - laga av potetmos

Du kan og lage potetkaker av potetmos. Då må du i tillegg blande i litt vatn.

1 pk. potetmos
½ ts salt
6 toppa ss kveitemjøl
Ca 2 dl vatn

La deiga kvile i 20 minutt før du kjevlar ut og steikjer dei på takke eller i varm steikepanne.

Margarin+smør

Smør

1 liter fløyte

Litt kulturmjølk
La stå på kjøkkenbenken i eit døgn.

Kan ristas i eit glas til det blir smør. Eller du kan nytte ei kjøkkenmaskin. 
OBS! Med lokket på.

Rør (visp) til det blir smør, det skjer fort!

Ta smøret over i ein ny bolle, ta vare på skyr (saup) dette er glimrande til brødbakst.

Slå kaldt vatn over smøret - ”vask” det.
Slå av vatnet og smak til med salt.

vørtebrød

Bergensk vørterbrød (2 stk)

2 ½ dl. mjølk
1 dl mørk sirup
1/3 liter Vørterøl (en flaske)
75 gr gjær el. en pose tørrgjær
75 gr sukker
2 ts salt
½ ts peppar
2 ts støtt stjerneanis
500 gr rugmjøl
500 gr kveitemjøl
1 dl rosiner

Varm mjølk, sirup og øl til blandinga er lunken. Rør ut gjæra. Bland sukker, salt og krydder i rugmjølet før det has i. Tilsett så det meste av kveitemjølet til det blir ein fast deig.

Dryss litt mjøl over deiga, og sett den til heving under plast og eit klede.

Elt deiga godt på bakebordet og kna inn rosinene. Lag to runde eller avlange brød som settes på steikebrett. Etterhev godt.

Forvarm steikeovnen til 200 grader. Steikes i 1 time. Temperaturen kan reduserast på slutten av steiketida.
Vørterbrøda skal penslast med vatn når dei er steikte. Avkjøl på rist.

 Oppskrift på vørterbrød bakt i bakaromn av stein på Sunnmøre Museum, Førjulssøndag.