Å lære ved å gjere

Vi på Sunnmøre Museum set aktivitetar og deltaking svært høgt. "Å lære ved å gjere" er derfor ei viktig rettleing i vårt arbeid med å formidle den sunnmørske historia til barn og unge.

Gjennom praktiske oppgåver formidles kjennskap til fortida gjennom vektlegging av sansar og bruk av konkretar som til dømes replikaer, gjenstander, ulike handverksteknikkar,  mat i grua, sette opp grindbygg, hogge ved,  ro sunnmørsbåt , dra garn og nytte utstillingane. Formidlinga gjev rom får å gjere seg erfaringar om korleis livet kan ha vore på Sunnmøre i tidlegare tider, heilt frå steinalder fram til i dag.

Sjå i menyen til venstre om dei ulike tilboda, og praktisk informasjon.

 

60910_thumb

60909_thumb