Vikingtema - skaldeplanke

Vikingtid

 

Skald og skalding er omgrep og ein kunstform barn får gjere seg kjende med i denne samanheng. Ein skald arbeidde ofte for kongar og høvdingar med å kvede skaldekvad, og på den måten dokumentera, og attfortel hendingar om store bragder. Kvadene handla om gudar, mytiske dyr og vikingheltar. Barna får høyre soga om ein av dei mest kjende skaldane ved navn Egil Skaldagrimson. Gjennom filosofisk samtale samanliknar vi livet til barn i vikingtida og nåtid, om førventningar og sosial aksept, med tankar kring verdiar, og skilje mellom rett og galt. Barna får med viking utstyr på seg, prøve ut vår skaldeplanke, og dikte i veg om eigne utrulege bragder. Om det passar inn kan barna få lage eit smykke i tre med sin eigen "runebokstav" på.

Varigheit: ca. 1,5t
Alder: 5-6 åringar
Pris: 40,-kr. pr. påmeldte barn, vaksne gratis.

Jul i Framgardstova

Jul i Framgardstova

I Framgardstova gjer vi aktivitetar og fortel om juletradisjonar for nærare 160 år tilbake i tid. Barna får utfordre smakssansen på dåtidas julegotter, pynte juletre med tidsriktig julepynt, spise fjøsnissegraut, høyre ei juleforteljing og synge julesang. I fjøsen blir det mogleg å lage ei julegåve og hjelpe fjøsnissen med stell av husdyra. Kan hende de må hjelpe Tuppehøne å finne att nokre av egga sine?

Varigheit: 1,5 - 2 t.
Alder: 4-6 åringar
Pris. 50,- kr.- pr. påmeldte barn, vaksne gratis.
Tilgjengeleg i veke 49, 50 og 51, 2014 

37750_thumb

Det var ein gong ….Eventyrstund

I Framgardstova frå 1829,  får barna høyre eventyr og segn frå norsk folkeeventyr si skatteskiste. Nokre gonger blir eventyret dramatisert i lag med borna. Vi deler barnegruppa i to grupper om dykk er mange og då ersnekkerbuaog leikefjøsen artige akrtivitetar å halde på med. Ska tru kor høna har gjemt egga sine denne gongen.....

Tilpassa: 3-6 åringar og førskulegrupper
Varigheit: 1 - 1,5 time
Pris: 40,- kr, pr. påmeldt barn, vaksne gratis. Minste gruppepris: 550,-kr.
Tilgjengeleg i mai, juni og august

Praktisk informasjon:

Vi har ope for formidlingsbesøk tirsdag - onsdag - torsdag i tidsrommet kl. 09.00 - 14.00,
utenom i januar, februar og juli.

Alle våre formidlingsopplegg krev delaktige vaksne med i barnegruppa.
For at dere skal få eit best mogleg utbytte er det viktig for oss å kjenne til  antal deltakarar, alder og forventningar, i forkant av besøket.

Håvollstova- nistepakkehus: I Håvollstova kan medbrakt matpakke nytes i fellesskap. Matpakka er noko personleg, samtidig som det har ein nasjonal kulturell identitet.
Håvollstova kan reserverast ved bestilling av formidlingsopplegg, om de ynskjer å spise før eller etter besøket. Det er eit krav at bord gjerast reine og golv kostast før avreise. Alt nødvendig utstyr er tilgjengeleg i stova.

WC - med og utan handicap er tilgjengeleg på baksida av hovudbygget ved amfiet.

Send bestilling av formidlingsopplegg til museumspedagog Tone-Ellen Thune, e-post:te@sunnmore.museum.no