OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det var ein gong ...- Eventyrstund

Vi samlar oss kring bordet i Skodjestova, og lyttar til moral og romantikk frå tidlegare tider.

I Skodjestova frå 1754 får elevane vite om korleis det var å bo i Skodjestova for 260 år sidan. Mei eller mindre kjente eventyr og segn frå norsk folkeeventyr si skattekiste, samla inn av Asbjørnsen og Moe, blir fortalt og i somme tilfelle dramatisert  i lag med nokre av elevane. Utanfor Skodjestova er det ein liten dam, og kan hende de får auge på Nøkken? Han skjule seg mellom froskeegg og rumpetroll om våren.

Tilpassa: 1.- 2. trinn
Varigheit: 1  t.
Pris: 40,- pr påmeldt barn, vaksne gratis, Minstepris: 550,- kr
Tilgjengeleg i mai, juni og august

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Steinalderholmen

Vi samlar oss på Steinalderholmen og ser korleis dei levde, jakta og budde for veldig lenge sia. 

 Vi lagar skinnposer med ekte flintknivar, høgg og padlar ein stokkbåt, ser på bergbilete osb. 

Gjennom bruk av replikaer frå ulike arkeologiske utgravningar vert barna kjende med kvifor og korleis menneska overlevde i Steinalderen.

Tilpassa: 3.- 4. trinn
Varigheit: ca. 1,5 - 2 t
Pris: 40,- pr påmeldt barn, vaksne gratis. Minste gruppepris: 550,- kr
Tilgjengeleg i mai, juni og august

Nordalskolen

Då klokka klang i Dalsbygda skule frå Norddal

Kom og prøv korleis det var på skulen for øve 150 år sidan. 

Vi tek på drakter og frå første bjelleklang er det oppstilling to og to framfor skulehuset. Elevane får oppleve ein annerledes skulekvardag enn dei er vane med. Aktivitetane kan dreier seg om song, høgtlesing, hovudrekning, skriving med griffel på små tavle, blekkhus og pennesplitt, friminutt med eldre leiker, og inne gymnastikk. Elevane får kjennskap til omgrep som skammekrok, spankrøyr og folkeskikk frå 1860 talet og framover.

Tilpassa: 4.trinn
Varigheit: ca. 2 timar
Pris: 40,- kr. pr. påmeldte elev, lærarar gratis. Minstepris: 550,-kr
Tilgjengeleg: Mars - oktober

60909_thumb

Arbeid og leik i Dybhuset

Velkommen til ein dag i byen kring 1910. I Dybhuset får barna reise 100 år tilbake i tid. 

Vi kler oss i tidsriktige klede, steller i heimen, lagar mat verdig ein fiskefamile,  gamle leikar og nødvendig utearbeid.
Gjennom leik og aktivitet lærer vi om før og no, likskap og skilnad.

Årstid: Alle! Også fint om vinteren.

Trinn: 5. trinn
Tid: ca. 2 timar
Pris: 40,- pr påmeldt elev, lærere gratis.
Minstepris: 500,- kr. 

60905_thumb

Borgundkaupangen

Kom og prøv korleis det var i brytningstida mellom vikingtid og tidleg mellomalder. 

Vi lager ny utstilling og bygger nytt formidlingsrom. Nytt opplegg under utarbeiding.
Informasjon kommer våren 2015
Trinn: For 6. og 7. trinnet
Tid: ca. 2 timar
Pris: 40,- pr påmeldt elev, lærarar gratis, Minstepris: 500,- kr.

Leige av pil og boge: 600,- 
Leige av Borgundknarren: Kontakt oss for pris 

Jul i Dybhuset

Jul i Dybhuset

Kom og lag ei julegåve og syng ein julesong eller to...

I Dybhuset har vi pynta til jul, men vi manglar å bli ferdig med julebaksten. Elevane får bake pepperkaker og steike dei i vedfyrt jernovn, bære ved, og støype lys til julegåve. Vi tenner levande lys på juletreet og syng julesongar. Julegåver treng namnelappar og vi kan skrive julehelsingar med blekk og pennesplitt. Dersom det er snø kan vi få prøvd ut dei gode gamle kjelkene med meier på... Kven kjem først ned bakken? 

Tilpassa: 3-4. trinn og andre interesserte grupper
Varigheit: ca. 2  t.
Pris: 50,- pr påmeldt barn, vaksne gratis, Minstepris: 550,- kr
Tilgjengeleg i slutten av november og desember

 Fjordmannstova 

Fiske og Fjordmannstova

Kor vart det av vikingane og kampånden deira?

På 1800 - talet dro mange nordmenn nytte av den genetiske arven frå vikingtida. Det var ei hard tid å vakse opp i og inga enkel sak å fø familien. Vi tar for oss lokal historie om fiskarbonden og holder til i Fjordmannstova, datert 1868. Vi lagar mat av fisken og krabbane elevane trekker, og setter garn i Borgundfjorden, knyter knuter, ror færing og trerøring. Vi er stolte av å kunne vise fram verdas siste ekte åttringbåt i båthallen.

Tilpassa: 7. trinn
Varigheit: ca. 2  t.
Pris: 40,- pr påmeldt barn, vaksne gratis, Minstepris: 500,- kr
Tilgjengeleg i mai, juni og august

Jernalder og vikingar

Normannere - menn fra nord. Dyktig og fryktløse sjømenn og kvinner.

Jernalder i Norge strekker seg frå 500 f. Kr. til ca. 1050 e. Kr. Tilgangen på myrmalm la eit grunnlag for viare samfunnsutvikling. Vikingtida 800 - 1050 e. Kr vitnar om det. Smie- og skipsbygging kunnskapar gjore det mogleg for normannerne å dra på plyndrings-, handels- og koloniseringstokt over Atlanterhavet. Noko elevane får kjennskap til er t. dømes norrøn mytologi, soger og risting av runer. Vi har strategiske kampleikar og smiing av t. d. minisverd smykke i smia. Elevane kan få lage seg spilleposar om ønskeleg.  Pil og boge kan tilbys for 600,- kr ekstra, om det passar inn i besøkstida.

Tilpassa: 6. trinn
Varigheit: ca. 2  t.
Pris: 40,- pr påmeldt barn, vaksne gratis, Minstepris: 550,- kr
Tilgjengeleg i mai, juni og august

Praktisk informasjon

Vi har ope for formidlingsbesøk tirsdag - onsdag - torsdag - fredag i tidsrommet kl. 09.30 - 14.00, utanom i januar, februar og juli.

Alle våre formidlingsopplegg krev deltaktige vaksne med elevgruppa. For at de skal få eit best mogleg utbytte er det viktig for oss å kjenne til antal deltakarar, alder og forventningar, i forkant av besøket.

Oppleve på eiga hand
Det er også mogleg å sjå Spor utstillinga utan formidlar.  Avtal tid på førehand.
Mobiltelefonar må vere avskrudd ved besøk i utstilling.

Pris: 30,- kr. pr. påmeldte elev, lærarar gratis.

Håvollstova - nistepakkehus: i Håvollstova kan medbrakt matpakke nytes i fellesskap. Matpakka er noko personleg, samtidig som det har ein nasjonalkulturell identitet. Håvollstova kan reserverast ved bestilling av formidlingsopplegg, om de ynkjer å spise før eller etter besøket. Det er eit krav om at bord gjerast reine og golv kostast før avreise. Alt nødvendig utstyr er tilgjengeleg i stova.

Om de berre er på tur i området kan Håvollstova reserverast, mot kr. 3000,-. Dersom ho ikkje skal benyttast av andre besøkjande på formidlingsopplegg.

WC - med og utan handicap er tilgjengeleg på baksida av hovudbygget ved amfiet.

Send bestilling av formidlingsopplegg til museumspedagog, Tone-Ellen Thune,
te@sunnmore.museum.no