Sunnmøre Museumslag

Sunnmøre Museumslag er museet si venneforeining. Du kan vere aktivt medlem eller støttemedlem. Som aktiv medlem får du ta del i kulturarbeid i tillegg til kontakt med eit triveleg miljø. Du kan sjølv velge om du vil vere med på ein eller fleire aktivitatar gjennom året:
- Delta på dugnadar (2 g pr år)
- Delta på arrangement (eks Middelalderfestivalen, Den store Familedagen, Førjulssøndag)
- Vere med som ekstrahjelp i museumskafeen når museumslaget held søndagsforedrag (4-6 g pr år)

Om der er andre ting du har lyst til å bidra med på museet, delta i ryddearbeid, bistå som omvisar, vere tilkallingshjep i museumskafeen eller har andre ønskjer, høyrer vi veldig gjerne i frå deg!

Kva skjer?
Alle medlemmar i Sunnmøre Museumslag får med jamne - og ujamne - mellomrom informasjon om kva som skjer her på museet, sendt pr. e-post. Dette er informasjon om aktivitetar, arrangement, foredrag og andre spennande hendingar.

Er du allereie medlem? Send oss e-postadressa di til museumslaget@sunnmore.museum.no og du får tilsendt informasjonen «Kva skjer?» du også!

Som medlem får du òg:
- Gratis inngang til Sunnmøre Museum (gjeld ikkje familiesøndagar og andre spesielle arrangement)
- Gratis inngang på søndagsforedrag i regi av museumslaget
- 10 % rabatt i museumsbutikken
- Invitasjon til spesielle medlemsarrangement
- Årleg utgåve av medlemsbladet Gavlen

Pris for medlemskap:
Enkeltmedlem    kr 300
Familiemedlem   kr 400

Innmelding
Send ein e-post til museumslaget@sunnmore.museum.no. Hugs å skrive om du ønskjer å være med som aktiv medlem eller støttemedlem. Velkommen til oss!