Førjulsøndag

Søndag 4. desember kl. 12-16 ønskjer vi velkommen til førjulsøndag her på museet, med juleførebuingar i hus og tun.

Tradisjonen tru førebur vi jula i hus og tun med baking av krumkaker, sirupsnippar, hardvaflar og strandabakkels. Vi dyppar lys, lagar julepynt og kubbenissar, høyrer eventyr, snekrar småbåt, rullar honninglys, steikjer eplebåtar og mykje, mykje meir.

Vi får besøk av smeden i smia, skomakaren i skomakerbuda, luciagutar og luciajenter, glade trubadurar og smånissar i tunet.

Og innimellom kan du ta ein pust i bakken, nyte ein smultring og ein kopp gløgg i Skodjestova, ei nysteikt svele i Ytterlandstova eller rømmegraut og kaffikos i museumskafeen. Ta også turen innom snopebuda og vår museumsbutikk.

Inngang: Voksen kr 100 og barn kr 80


« Go back