Gjer stas på gjestane dine

Vikingkamp og bogeskyting? Lefsekurs eller kulturløype? Vi skreddarsyr aktivitetar tilpassa dine gjestar og dine ønskje.

Nyt ein lunsj eller middag i Båthallen, feire barnedåp eller 50 årsdagen i Ytterlandsstova. Markeringar av ulikt slag for bedrifta sine tilsette eller kundar? Då er museumskafeen ein ypparleg stad å vere!

På tur med vikingskipet
I vår- og sommarmånadane tek du med deg gjestane dine på ein lunsj- eller kveldstur med vikingskipet Borgundknarren, og samtidig opplever vakre Ålesund frå sjøsida.

Lefsekurs
Gjere noko saman før julestria tek til? Kva med å tilby dei tilsette eit lefsekurs på museet? Ein "matnyttig" aktivitet på alle måtar.

Dette og mykje anna kan du og dine gjestar oppleve  på Sunnmøre Museum. Kontakt oss - så finn vi på noko spennande saman!